Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 68

Bible Study - Salmenes 68 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til songmeisteren; av David; ein salme, ein song.
  
2. Gud reiser seg, hans fiendar vert spreidde, og dei som hatar han, flyr for hans åsyn.
  
3. Liksom røyk driv burt, so driv du dei burt; liksom voks brånar for eld, so gjeng dei ugudlege til grunns for Guds åsyn.
  
4. Og dei rettferdige gleder seg, dei fagnar seg høgt for Guds åsyn og frygdar seg med gleda.
  
5. Syng for Gud, syng lov for hans namn! Bygg veg for han som fer fram i øydemarker, Herren er namnet hans og fegnast for hans åsyn!
  
6. Far for farlause og domar for enkjor er Gud i sin heilage bustad.
  
7. Gud gjev dei einslege hus og heim, han fører fangar ut til lukka; berre dei motstridige bur i turrlende.
  
8. Gud, då du drog ut framfyre folket ditt, då du skreid fram i øydemarki - sela -
  
9. då skalv jordi, og himmelen draup for Guds åsyn, Sinai der burte skalv for Guds, Israels Guds åsyn.
  
10. Rikleg regn let du falla, Gud; du styrkte arven din då han var utmødd.
  
11. Ditt folk sette seg ned i landet*; Gud, du var god og reidde det til for armingen.
  
12. Herren gjev sigersong; stor er skaren av kvinnor som kjem med gledebod.
  
13. Kongar yver herar flyr, dei flyr, og ho som sit heime, skifter herfang.
  
14. Når de kviler millom kviene, er det som sylvlagde duvevenger og vengfjører med grøn gullglima*.
  
15. Når den Allmektige spreider kongar der*, då snøar det på Salmon**.
  
16. Eit Guds fjell* er Basans fjell, eit fjell med mange tindar er Basans fjell**.
  
17. Kvifor ser de skakt, de fjell med mange tindar, til det fjellet der Gud tekkjest å bu? Herren skal og bu der for alltid.
  
18. Guds vogner er tvo gonger ti tusund, tusund på tusund; Herren er imillom dei, Sinai er i heilagdomen*.
  
19. Du for upp i det høge, førde fangar burt, tok gåvor millom menneski, ogso av dei trassige, so du kunde bu der, Herre Gud!
  
20. Lova vere Herren dag etter dag! Legg dei byrd på oss, so er Gud vår frelsa. Sela.
  
21. Gud er for oss ein Gud til frelsa, og hjå Herren, Israels Gud, er det utvegar frå dauden.
  
22. Ja, Gud krasar hovudet på sine fiendar, den hærde hovudkruna på han som ferdast i si syndeskuld.
  
23. Herren segjer: Frå Basan hentar eg dei att, eg vil henta dei att frå havsens djup,
  
24. so foten din må trakka i blod, tunga åt hundane dine få sin lut av fiendane.
  
25. Dei ser dine sigersferder, Gud, sigersferdene der min Gud, min konge, fer inn i heilagdomen.
  
26. Fyre gjeng songarar, etterpå harpespelarar midt imillom møyar som slær på paukor.
  
27. Lova Gud i samlingane, lova Herren, de som er av Israels kjelda!
  
28. Der er Benjamin, den yngste, som er herre yver dei*, hovdingane av Juda med sin hop, hovdingane av Sebulon, hovdingane av Naftali.
  
29. Din Gud hev etla deg styrke; Gud, styrk det som du hev gjort for oss!
  
30. For skuld ditt tempel i Jerusalem* skal kongar koma med gåvor til deg.
  
31. Skjell på dyret i sevet*, på stuteflokken og folkekalvane**, som kastar seg ned for deg med sylvstykke! Han spreider folki som er huga på strid.
  
32. Veldige menner skal koma frå Egyptar-land, Etiopia skal skunda seg og retta hendene ut til Gud.
  
33. De rike på jordi, syng for Gud, syng lov for Herren, sela,
  
34. han som fer fram i dei eldgamle himle-himlar! Sjå, han let si røyst høyra, ei veldig røyst.
  
35. Gjev Gud makt! Yver Israel er hans høgd, og hans makt i skyene.
  
36. Skræmeleg er du, Gud, frå dine heilagdomar; Israels Gud, han gjev folket makt og styrke. Lova vere Gud!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES