|
|
Salmenes, Chapter 70
1. Til songmeisteren; av David; til minne.
2. Gud, kom og berga meg! Herre, skunda deg og hjelp meg!
3. Lat dei verta til skam og spott, alle som stend etter mitt liv! Lat dei vika attende og skjemmast, dei som ynskjer meg vondt!
4. Lat dei snu for si skjemd dei som segjer: Ha, ha!
5. Lat dei fegnast og gleda seg i deg, alle dei som søkjer deg! Lat dei som elskar di frelsa, alltid segja: Høglova vere Gud!
6. For eg er arm og fatig; Gud, kom snart til meg! Du er mi hjelp og min frelsar; Herre, dryg ikkje!
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|