Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 71

Bible Study - Salmenes 71 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til deg, Herre, set eg mi lit, lat meg aldri i æva verta til skammar!
  
2. Fria meg ut og berga meg ved di rettferd! Halla ditt øyra til meg og frels meg!
  
3. Ver meg eit berg til å bu på der eg alltid kann koma, du som hev gjeve påbod um frelsa for meg! For du er mitt fjell og mi festning.
  
4. Min Gud, fria meg ut or handi åt den ugudlege, or hans vald som er urettferdig og gjer valdsverk!
  
5. For du er den eg vonar på, Herre, Herre, den eg set mi lit til alt frå ungdomen.
  
6. På deg hev eg studt meg alt frå morsfanget, du er den som drog meg ut or morslivet; um deg vil eg alltid syngja min lovsong.
  
7. Som eit under hev eg vore for mange, men du er mi sterke borg.
  
8. Min munn er full av ditt lov, av din herlegdom heile dagen.
  
9. Kasta meg ikkje burt i min alderdom, forlat meg ikkje når mi kraft vert til inkjes.
  
10. For mine fiendar hev sagt um meg, og dei som vaktar på mitt liv legg råder i hop
  
11. og segjer: Gud hev forlate han; forfylg han og tak han, for det er ingen som bergar!
  
12. Gud, ver ikkje langt frå meg! Min Gud, skunda deg og hjelp meg!
  
13. Lat dei som stend etter mitt liv, verta til skammar og ganga til grunns! Lat dei som søkjer mi ulukka, verta kleidde i skam og spott!
  
14. Men eg vil alltid vona, og stødt vil eg lova deg meir og meir.
  
15. Min munn skal fortelja um di rettferd, um di frelse all dagen; for eg veit ikkje tal på dei.
  
16. Eg vil koma fram med Herrens, Israels Guds veldige verk, eg vil prisa di rettferd, berre di.
  
17. Gud, du hev lært meg upp alt frå ungdomen, og til dessa kunngjer eg dine undergjerningar.
  
18. Forlat meg då ikkje heller når eg vert gamal og grå, du Gud, til dess eg fær forkynna um din arm til ei onnor ætt, di makt til kvar den som skal koma.
  
19. Og di rettferd, Gud, når upp til det høge; du Gud, som hev gjort store ting, kven er som du?
  
20. Du som hev late oss sjå mange trengslor og ulukkor, du vil gjera oss levande att og draga oss upp att or dyptene i jordi.
  
21. Du vil lata meg veksa og vil venda og trøysta meg.
  
22. So vil eg prisa deg med harpespel, din truskap, min Gud. Eg vil syngja del lov med citar, du Israels Heilage!
  
23. Mine lippor skal fegnast, for eg vil syngja deg lov, og mi sjel, som du hev løyst ut.
  
24. Ogso tunga mi skal heile dagen tala um di rettferd; for dei hev vorte til spott, dei stend til skam, dei som søkjer mi ulukka.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES