Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 74

Bible Study - Salmenes 74 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Ein song til lærdom av Asaf. Kvifor hev du, Gud, støytt oss burt til æveleg tid? Kvifor ryk din vreide mot den hjord du beiter?
  
2. Kom i hug din lyd, som du vann deg i fordoms tid, som du løyste ut til å vera din arvs ætt, Sions fjell, der du bur.
  
3. Lyft dine steg til dei ævelege grushaugar! Alt hev fienden fare ille med i heilagdomen.
  
4. Dine motstandarar hev bura midt i ditt samlingshus; dei hev sett sine eigne merke upp til merke.
  
5. Det såg ut som når ein lyfter øksar i tjukke skogen.
  
6. Og no, alt som fanst av utskurd, det slo dei sund med øks og hamar.
  
7. Dei hev sett eld på heilagdomen din; reint til grunnen hev dei vanhelga bustaden for ditt namn.
  
8. Dei hev sagt i sitt hjarta: Me vil tyna dei alle i hop! Dei hev brent upp alle Guds samlingshus i landet.
  
9. Våre eigne teikn ser me ikkje; det finst ingen profet lenger, og ingen hjå oss som veit kor lenge det skal vara.
  
10. Gud, kor lenge skal motstandarane spotta, fienden vanvyrda ditt namn æveleg?
  
11. Kvifor dreg du di hand, di høgre hand attende? Tak henne ut or barmen og øydelegg!
  
12. Gud er då min konge frå gamal tid, han som skaper frelsa på den vide jord.
  
13. Det var du som skilde havet ved din styrke, krasa hovudi åt drakane på vatnet.
  
14. Du slo sund hovudi åt Leviatan*, du gav han til føda for folk i øydemarki.
  
15. Du let kjelda og bekk renna fram, du turka ut årgangs elvar.
  
16. Deg høyrer dagen til, deg høyrer og natti til; du hev skapt himmelljosi og soli.
  
17. Du hev sett fast alle grensor på jordi; sumar og vinter - du hev laga dei.
  
18. Kom i hug dette: Fienden hev spotta Herren, og eit dårleg folk hev vanvyrdt ditt namn!
  
19. Gjev ikkje turtelduva di til den mordfuse flokken, gløym ikkje æveleg flokken av dine armingar!
  
20. Sjå til pakti! For løynkrokane i landet er fulle av valds-bøle.
  
21. Lat ikkje den nedtrykte ganga burt med skam, lat den arme og fatige lova ditt namn!
  
22. Statt upp, Gud, før di sak! Kom i hug at du vert spotta av dåren heile dagen!
  
23. Gløym ikkje røysti åt dine fiendar, ståket frå dine motstandarar, som alltid stig upp!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES