|
|
Salmenes, Chapter 75
1. Til songmeisteren; "Tyn ikkje"*; ein salme av Asaf; ein song.
2. Me prisar deg, Gud, me prisar, og nær er ditt namn; dei fortel um dine under.
3. For [so segjer Herren]: Eg vil gripa den fastsette tid, eg, eg vil døma med rettferd.
4. Jordi er i uppløysing, og alle som bur der, eg hev sett hennar stolpar etter mål. Sela.
5. Eg segjer til dei ovmodige: Ver ikkje ovmodige, og til dei ugudlege: Reis ikkje horn!
6. Reis ikkje hornet dykkar høgt, gjer ikkje nakke og tala agelaust!
7. For ikkje frå aust eller frå vest, og ikkje heller frå fjell-øydemarki* -
8. nei, Gud er den som dømer; den eine nedrar han, hin upphøgjer han.
9. For eit staup er i Herrens hand med skumande vin; det er fullt av kryddevin, og han skjenkjer av det; ja bermen skal dei suga til seg og drikka, alle dei ugudlege på jordi.
10. Men eg vil forkynna det æveleg, eg vil lovsyngja Jakobs Gud.
11. Og alle horni på dei ugudlege vil eg hogga av; horni på den rettferdige skal reisa seg høgt.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|