Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 79

Bible Study - Salmenes 79 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Ei salme av Asaf. Gud, heidningar er komen inn i arven din, dei hev gjort Jerusalem til grushaugar.
  
2. Dei hev gjeve liki av dine tenarar til føde for fuglane i lufti, kjøtet av dine heilage til villdyri.
  
3. Dei hev rent ut deira blod som vatn kringum Jerusalem, og det var ingen som jorda dei.
  
4. Me hev vorte til hæding for våre grannar, til spott og spe for dei som bur ikring oss.
  
5. Kor lenge, Herre, vil du æveleg vera vreid? Kor lenge skal din brennhug loga som eld?
  
6. Renn din harme ut yver heidningane, som ikkje kjenner deg, og yver dei kongerike som ikkje kallar på ditt namn!
  
7. For dei hev ete upp Jakob, og hans bustad hev dei lagt øyde.
  
8. Tilrekna oss ikkje misgjerningane åt våre forfeder! Lat di miskunn snart koma imot oss, for me er ovleg utmødde!
  
9. Hjelp oss, du vår Frelse-Gud, for ditt namns æra skuld, og berga oss og forlat oss våre synder for ditt namn skuld!
  
10. Kvifor skal heidningane segja: Kvar er deira Gud? Lat det for våre augo verta kjent millom heidningane at det kjem hemn yver det utrende blodet av dine tenarar!
  
11. Lat sukken frå den bundne koma for di åsyn! Spar daudens born, so sterk som armen din er!
  
12. Gjev våre grannar sjufald att i deira fang den spott som dei hev spotta deg med, Herre!
  
13. Og me, ditt folk og den hjord du beiter, me vil lova deg æveleg; frå ætt til ætt vil me kunngjera din pris.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES