Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 80

Bible Study - Salmenes 80 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til songmeisteren; etter "liljor"; eit vitnemål av Asaf; ein salme.
  
2. Du Israels hyrding, vend øyra til, du som fører Josef som ei hjord! Du som tronar yver kjerubane, syn deg herleg!
  
3. Vekk upp ditt velde for Efra'im og Benjamin og Manasse, og kom oss til hjelp!
  
4. Gud, reis oss upp att, og lat ditt andlet lysa, so me vert frelste!
  
5. Herre, Gud, Allhers Gud, kor lenge hev du late din vreide rjuka og ikkje ansa bøni frå folket ditt!
  
6. Du hev gjeve dei tårebrød til å eta og tåror til å drikka i fullt mål.
  
7. Du gjer oss til eit trettemål for våre grannar, og våre fiendar spottar med lyst.
  
8. Gud, allhers Gud, reis upp att, og lat ditt andlet lysa, so me vert frelste!
  
9. Eit vintre flutte du frå Egyptar-land, du dreiv heidningar ut og planta det.
  
10. Du rudde rom for det, og det feste rot og fyllte landet.
  
11. Fjell vart løynde av skuggen frå det, og Guds sedrar frå greinene.
  
12. Det strekte sine greiner ut til havet og sine renningar burt imot elvi.
  
13. Kvi hev du rive ned gardane ikring det, so alle som gjeng framum på vegen, plukkar av det?
  
14. Svinet frå skogen gneg på det, og dyri på marki beitar i det.
  
15. Gud, allhers Gud, vend um att, skoda ned frå himmelen og sjå og hav umsut for ditt vintre,
  
16. og verna um det som di høgre hand hev planta, og um den som du hev valt deg ut!
  
17. Det er brent med eld, det er avhogge; for trugsel frå ditt andlet gjeng dei til grunns.
  
18. Haldt di hand yver mannen ved di høgre hand, yver menneskesonen som du hev valt deg ut,
  
19. so vil me ikkje vika frå deg! Gjer oss levande att, so vil me kalla på ditt namn!
  
20. Herre, Gud, allhers Gud, reis oss upp att, og lat ditt andlet lysa, so me vert frelste!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES