|
|
Salmenes, Chapter 84
1. Til songmeisteren, etter Gittit*; av Korahs born; ein salme.
2. Kor elskelege dine bustader er, Herre, allhers Gud!
3. Mi sjel lengtar, ja naudstundar etter Herrens fyregardar; mitt hjarta og mitt kjøt ropar av fagnad til den levande Gud.
4. Sporven hev og funne seg eit hus, og svala eit reir der ho hev lagt sine ungar - dine altar, Herre, allhers Gud, min konge og min Gud!
5. Sæle er dei som bur i ditt hus; dei skal allstødt lova deg. Sela.
6. Sæl er den mann som hev sin styrke i deg, dei som hev hug til å fara dei jamne vegar*.
7. Når dei fer gjenom tåredalen, gjer dei han til ein kjeldevang, og haustregnet legg velsigning yver han*.
8. Dei gjeng frå kraft til kraft, dei stig fram for Gud på Sion.
9. Herre, Gud, allhers Gud, høyr mi bøn! Vend øyra til, Jakobs Gud! Sela.
10. Gud, vår skjold, sjå hit og skoda andletet åt han du hev salva!
11. For ein dag i dine fyregardar er betre enn tusund andre; eg vil heller standa ved dørstokken i min Guds hus enn bu i tjeldi åt gudløysa.
12. For Gud Herren er sol og skjold, Herren gjev nåde og æra; han held ikkje undan noko godt frå dei som ferdast i uskyld.
13. Herre, allhers Gud, sæl er den mann som set si lit til deg!
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|