Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 83

Bible Study - Salmenes 83 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Ein song, ein salme av Asaf.
  
2. Gud, teg ikkje! Ver ikkje still og haldt deg ikkje roleg, Gud!
  
3. For sjå, dine fiendar bråkar, og dei som hatar deg, lyfter hovudet!
  
4. Mot ditt folk legg dei sløge råder, og dei samråder seg mot dei som du vernar.
  
5. Dei segjer: Kom, lat oss rydja dei ut, so dei ikkje lenger er eit folk, og Israels namn skal ingen meir koma i hug.
  
6. For dei hev av hjarta samrådt seg, mot deg gjer dei samband,
  
7. Edoms tjeld og ismaelitane, Moab og hagarenane,
  
8. Gebal og Ammon og Amalek, Filistar-land med dei som bur i Tyrus.
  
9. Ogso Assur hev gjenge i lag med dei, dei låner sin arm til Lots søner. Sela.
  
10. Gjer med dei som med Midian, som med Sisera, som med Jabin ved Kisons bekk!
  
11. Dei vart øydelagde ved Endor, dei vart til møk åt marki.
  
12. Far med dei, deira fremste menner, som med Oreb og Se'eb, og med alle deira hovdingar som med Sebah og Salmunna,
  
13. dei som segjer: Lat oss hertaka Guds bustader!
  
14. Min Gud, gjer dei som ein dustkvervel, som agner for vinden!
  
15. Lik ein eld som brenner ein skog, lik ein loge som set eld på fjell,
  
16. soleis forfylgje du dei med din storm og skræme dei med ditt uver!
  
17. Fyll deira andlet med skam, so dei søkjer ditt namn, Herre!
  
18. Lat dei skjemmast og skræmast æveleg og alltid, lat dei verta skjemde og ganga til grunns!
  
19. Og lat dei få vita at einast du hev namnet Herre, den Høgste yver heile jordi!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES