Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 9

Bible Study - Salmenes 9 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til songmeisteren, etter Mutlabbén*; ein salme av David.
  
2. Eg vil lova Herren av alt mitt hjarta, eg vil kunngjera alle dine under.
  
3. Eg vil gleda og fagna meg i deg, eg vil lovsyngja ditt namn, du Høgste,
  
4. av di mine fiendar vik attende, dei snåvar og gjeng til grunns for di åsyn.
  
5. For du hev ført fram min rett og mi sak, du hev sett deg på domstolen som rettferdig domar.
  
6. Du hev aga heidningane, øydt ut dei ugudlege, stroke ut deira namn æveleg og alltid.
  
7. Husi åt fiendane er lagde i røys for all tid, byane hev du støytt ned til grunns, deira minne, det hev døytt ut.
  
8. Men Herren tronar til æveleg tid, han hev reist sin stol til doms,
  
9. og han dømer jordriket med rettferd, segjer dom yver folki med rettvisa.
  
10. Og Herren er ei borg for den som er trælka, ei borg i dei tider han er i trengd.
  
11. Og dei som kjenner ditt namn, set si lit til deg; for du forlet ikkje dei som søkjer deg, Herre!
  
12. Syng lovsong til Herren som bur på Sion, kunngjer millom folki hans store gjerningar!
  
13. For han som hemner blod, kjem dei arme i hug, han gløymer ikkje deira skrik.
  
14. Ver meg nådig, Herre! Sjå kva eg må lida av dei som hatar meg, du som lyfter meg upp frå daudens portar,
  
15. so eg kann kunngjera all din pris i portane åt Sions dotter, fagna meg i di frelsa.
  
16. Heidningane er sokne i den gravi dei grov; deira fot er fanga i det garnet dei løynde.
  
17. Herren hev gjort seg kjend, han hev halde dom; han fangar den ugudlege i det verket hans eigne hender gjorde. Higgajon*. Sela.
  
18. Dei ugudlege skal fara ned til helheimen, alle heidningane, som gløymer Gud.
  
19. For den fatige vert ikkje gløymd for all tid, voni åt dei spaklyndte ikkje spillt i all æva.
  
20. Statt upp, Herre! Lat ikkje menneske få makt, lat heidningane verta dømde for di åsyn!
  
21. Set redsla i dei, Herre! Lat heidningane kjenna at dei er menneske! Sela.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES