Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 10

Bible Study - Salmenes 10 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Herre, kvi stend du so langt undan, løyner di åsyn dei tider me er i trengd?
  
2. Ved ovmodet hjå den ugudlege illhugast dei arme; dei vert fanga i dei meinråder han hev tenkt upp.
  
3. For den ugudlege rosar det hans sjel lyster, og den vinnekjære byd farvel og spottar Herren.
  
4. Den ugudlege set nosi høgt og segjer: Han heimsøkjer ikkje. Det er ingen Gud til, det er alle hans tankar.
  
5. Hans vegar lukkast alle tider; langt burte frå han i det høge er dine domar; alle sine motstandarar - dei blæs han åt.
  
6. Han segjer i sitt hjarta: Eg skal ikkje verta rikka, frå ættled til ættled kjem eg ikkje i ulukka.
  
7. Hans munn er full av forbanning og av svik og vald; under hans tunga er tjon og ulukka.
  
8. Han ligg på lur ved gardane, på løynlege stader myrder han den saklause, hans augo speiar etter stakkaren.
  
9. Han lurer i løyne som løva i si kjørr, han lurer etter å gripa den arme; han grip den arme, med di han dreg han inn i sitt garn.
  
10. Han luter seg, duvar seg ned, og stakkaren fell for hans sterke klør.
  
11. Han segjer i sitt hjarta: Gud hev gløymt det, han hev løynt si åsyn, han ser det aldri.
  
12. Statt upp, Herre! Gud, lyft upp di hand, gløym ikkje dei arme!
  
13. Kvi skal den ugudlege vanvyrda Gud og segja i sitt hjarta: Du heimsøkjer ikkje?
  
14. Du hev set det; for du skodar naud og hjartesorg til å leggja dei i di hand; til deg yvergjev den verjelause si sak, du er ein hjelpar for dei farlause.
  
15. Slå armen sund på den ugudlege, og den vonde - heimsøk hans gudløysa, so du ikkje finn henne meir!
  
16. Herren er konge æveleg og alltid; heidningane vert øydde ut or hans land!
  
17. Herre, du høyrer ynsket frå dei arme. Du styrkjer deira hjarta, du vender øyra ditt til
  
18. og gjev den som er farlaus og trælka, sin rett. Ikkje lenger skal mennesket, som er av jordi, halda fram med å skræma.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES