Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 90

Bible Study - Salmenes 90 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Ei bøn av Moses, gudsmannen. Herre, du hev vore ein bustad for oss frå ætt til ætt.
  
2. Fyrr fjelli vart til, og du skapte jordi og heimen, ja frå æva og til æva er du, Gud.
  
3. Du let menneskja verta til dust att og segjer: Vend um att, de mannsborn!
  
4. For tusund år er i dine augo som dagen i går når han lid, som ei vakt um natti.
  
5. Du riv dei burt som i flaum, dei vert som ein svevn. Um morgonen er dei som groande graset;
  
6. um morgonen blømer det og gror, um kvelden visnar det burt og turkast upp.
  
7. For me hev forgjengest ved din vreide, og ved din harm er me burtskræmde.
  
8. Du hev sett våre misgjerder for augo dine, vår løynde synd i ljoset frå di åsyn.
  
9. For alle våre dagar er framfarne i din vreide; me hev levt våre år til ende som ein sukk.
  
10. Vår livstid, ho varer sytti år, og når der er mykje kraft, åtti år, og jamvel det stoltaste er møda og fåfengd; for snøgt vart me drivne fram, og me flaug av stad.
  
11. Kven kjenner styrken i din vreide, og din harm, soleis som ein bør ottast deg?
  
12. Å telja våre dagar, det lære du oss, so me kann få visdom i hjarta!
  
13. Vend um, Herre! Kor lenge? Ynkast yver tenarane dine!
  
14. Metta oss med di miskunn når morgonen renn, so vil me fegnast og gleda oss alle våre dagar!
  
15. Gled oss so mange dagar som du hev plaga oss, so mange år som me hev set ulukka!
  
16. Lat di gjerning syna seg for tenarane dine og din herlegdom yver deira born!
  
17. Og Herrens, vår Guds ynde vere yver oss, og det våre hender gjer, gjeve du framgang for oss, ja, det våre hender gjer, det gjeve du framgang!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES