Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 91

Bible Study - Salmenes 91 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Den som sit i gøymsla hjå den Høgste, den som bur i skuggen hjå den Allmektige,
  
2. han segjer til Herren: Mi livd og mi borg, min Gud som eg set mi lit til!
  
3. For han friar deg or snara åt fuglefangaren, frå tynande sott.
  
4. Med sine fjører løyner han deg, og under hans venger finn du livd; hans truskap er skjold og vern.
  
5. Du skal ikkje reddast for skræmsel um natti, for pil som flyg um dagen,
  
6. for pest som fer fram i myrkret, for sott som tyner um middagen.
  
7. Um tusund fell attmed sida di og ti tusund attmed di høgre hand, so skal det ikkje nå til deg.
  
8. Du skal berre skoda det med augo dine, og sjå korleis dei ugudlege fær si løn.
  
9. For du, Herre, er mi livd. Den Høgste hev du gjort til din bustad;
  
10. inkje vondt skal timast deg, og ingi plaga skal koma nær til ditt tjeld.
  
11. For han skal bjoda sine englar at dei skal vara deg på alle dine vegar.
  
12. Dei skal bera deg på hender, so du ikkje skal støyta foten din på nokon stein.
  
13. På løva og eiterorm skal du treda, du skal trakka ned ungløvor og store ormar.
  
14. For han heng fast ved meg, difor vil eg fria han ut; eg vil berga han, av di han kjenner mitt namn.
  
15. Han skal kalla på meg, og eg skal svara han; eg er med han i naudi, eg vil fria han ut og føra han til æra.
  
16. Med eit langt liv vil eg metta han og lata han skoda mi frelsa.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES