Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 92

Bible Study - Salmenes 92 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Ein salme, ein song til sabbatsdagen.
  
2. Det er godt å prisa Herren og å syngja ditt namn lov, du Høgste,
  
3. å kunngjera di miskunn um morgonen og din truskap um nætene,
  
4. med tistrengs-citar og med harpa, med tankefullt spel på citar.
  
5. For du hev gledt meg, Herre, med ditt verk; eg fegnast yver det dine hender hev gjort.
  
6. Kor store dine gjerningar er, Herre! Ovdjupe er dine tankar.
  
7. Ein uvitug mann kjenner ikkje til det, og ein dåre skynar ikkje slikt.
  
8. Når dei ugudlege grønkast som graset, og alle illgjerningsmenner blømer, so er det til deira tyning til æveleg tid.
  
9. Men du, Herre, er høg i all æva!
  
10. For sjå, dine fiendar, Herre - for sjå, dine fiendar forgjengst; alle illgjerningsmenner vert spreidde.
  
11. Du lyfter upp mitt horn som hornet åt villuksen; frisk olje er rent yver meg.
  
12. Og mitt auga ser med lyst på mine fiendar; mine øyro høyrer med gleda um dei vonde som stend upp imot meg.
  
13. Den rettferdige grønkast som palmetreet, som ein seder på Libanon veks han.
  
14. Dei er planta i Herrens hus, dei blømer i vår Guds fyregardar.
  
15. Endå i høg alder skyt dei friske renningar; dei er saftfulle og grøne,
  
16. so dei skal kunngjera at Herren er rettvis, han, mitt berg, og at det ingen urett er i han.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES