|
|
Salmenes, Chapter 95
1. Kom, lat oss fegnast for Herren, lat oss ropa av frygd for vårt frelse-berg!
2. Lat oss stiga fram for hans åsyn med lovsong, lat oss syngja vår fagnad for han i salmar!
3. For Herren er ein stor Gud og ein stor konge yver alle gudar,
4. han som i si hand hev det djupaste av jordi, og som eig toppane av fjelli,
5. han som eig havet, for han hev skapt det, og turrlendet hev hans hender laga.
6. Kom, lat oss falla ned og bøygja oss, lat oss bøygja kne for Herren, vår skapar!
7. For han er vår Gud, og me er det folk han føder, og den hjord som handi hans leider. Å, vilde de høyra på hans røyst i dag!
8. Forherd ikkje dykkar hjarta som ved Meriba, som på Massa-dagen i øydemarki,
9. der federne dykkar freista meg! Dei prøvde meg, endå dei hadde set mi gjerning!
10. I fyrti år stygdest eg ved den ætti, og eg sa: Dei er eit folk med villfarande hjarta, og dei kjenner ikkje vegane mine.
11. So svor eg i min vreide: Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|