Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 96

Bible Study - Salmenes 96 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Syng Herren ein ny song, syng for Herren, all jordi!
  
2. Syng for Herren, lova hans namn, forkynn frå dag til dag hans frelsa!
  
3. Fortel millom heidningar hans æra, millom alle folkeslag hans under!
  
4. For Herren er stor og mykje lovsungen, skræmeleg er han framfor alle gudar.
  
5. For alle gudar hjå folki er avgudar; men Herren hev gjort himmelen.
  
6. Høgd og herlegdom er for hans åsyn, styrke og prydnad i hans heilagdom.
  
7. Gjev Herren, de folke-ætter, gjev Herren æra og makt!
  
8. Gjev Herren hans namns æra, tak gåvor med og kom til hans fyregardar!
  
9. Tilbed Herren i heilagt skrud, skjelv for hans åsyn, all jordi!
  
10. Seg millom heidningane: Herren hev vorte konge, og jordriket stend fast, det let seg ikkje rikka; han dømer folki med rettvisa.
  
11. Himmelen glede seg, og jordi fagne seg, havet dure og alt som i det er!
  
12. Marki frygde seg og alt det som på marki er! Då fegnast alle tre i skogen
  
13. for Herrens åsyn; for han kjem, for han kjem og vil døma jordi; han skal døma jordriket med rettferd og folki i sin truskap.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES