Bible Study: FrontPage




 

Apenbaring, Chapter 7

Bible Study - Apenbaring 7 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Deretter såg eg fire englar som stod på dei fire hyrno av jordi og heldt dei fire vindane på jordi, so ingen vind skulde blåsa yver jordi eller yver havet eller på noko tre.
  
2. Og eg såg ein annan engel, som steig upp frå solovringi og hadde den levande Guds innsigle; og han ropa med høg røyst til dei fire englane som det var gjeve å skada jordi og havet, og sa:
  
3. Skad ikkje jordi eller havet eller trei fyrr me fær sett innsigle på vår Guds tenarar i pannone deira!
  
4. Og eg høyrde talet på dei som hadde fenge innsigle: eit hundrad og fire og fyrti tusund med innsigle utav alle ætter av Israels-borni:
  
5. av Juda-ætti tolv tusund med innsigle, av Rubens-ætti tolv tusund, av Gads-ætti tolv tusund,
  
6. av Asers-ætti tolv tusund, Naftali-ætti tolv tusund, av Manasse-ætti tolv tusund,
  
7. av Simeons-ætti tolv tusund, av Levi-ætti tolv tusund, av Issakars-ætti tolv tusund,
  
8. av Sebulons-ætti tolv tusund, av Josefs-ætti tolv tusund, og av Benjamins-ætti tolv tusund med innsigle.
  
9. Sidan fekk eg sjå ein stor skare som ingen kunde telja, av alle folk og ætter og landslydar og tungemål, som stod framfor kongsstolen og Lambet, klædde i lange kvite klæde og med palmegreiner i hendene,
  
10. Og dei ropa med høg røyst og sa: Frelsa tilhøyrer vår Gud han som sit på kongsstolen, og Lambet!
  
11. Og alle englane stod rundt um stolen og um dei eldste og dei fire levendi, og dei fall ned for stolen på sitt andlet og tilbad Gud og sa:
  
12. Amen! Velsigningi og prisen og visdomen og takki og æra og makti og styrken tilhøyrer vår Gud i all æva! Amen.
  
13. Og ein av dei eldste tok til ords og sa til meg: Desse som er klædde i dei lange kvite kjolane, kven er dei, og kvar er dei komne ifrå?
  
14. Eg svara: Herre, du veit det. Då sa han til meg: Dette er dei som kjem ut or den store trengsla, og dei hev tvege kjolane sine og gjort dei kvite i Lambet sitt blod.
  
15. Difor er dei for Guds kongsstol og tener han dag og natt i hans tempel; og han som sit på stolen, skal reisa sin bustad yver dei.
  
16. Dei skal ikkje lenger hungra og ikkje lenger tyrsta; ikkje heller skal soli falla på dei, eller nokon hete;
  
17. for Lambet, som er midt framfor kongsstolen, skal vakta dei og leida dei til livsens vasskjeldor, og Gud skal turka kvar tåra frå augo deira.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES