Bible Study: FrontPage




 

Apenbaring, Chapter 8

Bible Study - Apenbaring 8 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Og då det opna det sjuande innsiglet, var det stilt i himmelen umkring ein halv time.
  
2. Og eg såg dei sju englane som stend for Guds åsyn, og det vart gjeve dei sju basunar.
  
3. Og ein annan engel kom og stod ved altaret, og han hadde eit røykjelse-fat av gull; og det vart gjeve han mykje røykjelse, som han skulde leggja til bønene frå alle dei heilage på det gullaltaret som var framfor stolen.
  
4. Og røyken av røykjelsen steig frå engelens hand upp for Gud med bønene frå dei heilage.
  
5. Og engelen tok røykjelse-fatet og fyllte det med eld frå altaret og kasta det på jordi; og det kom toredunar og røyster og eldingar og jordskjelv.
  
6. Og dei sju englane som hadde dei sju basunane, gjorde seg ferdige til å blåsa i dei.
  
7. Og den fyrste engelen bles. Då kom det hagl og eld, blanda med blod, og vart kasta ned på jordi; og tridjeparten av jordi vart uppbrend, og tridjeparten av trei vart uppbrend, og alt grønt gras vart uppbrend.
  
8. Og den andre engelen bles. Då var det som eit stort brennande fjell vart kasta i havet, og tridjeparten av havet vart til blod.
  
9. Og so døydde tridjeparten av dei skapningar i havet som hadde liv, og tridjeparten av skipi gjekk under.
  
10. Og den tridje engelen bles. Då fall frå himmelen ei stor stjerna, brennande som ein kyndel, og ho fall på tridjeparten av elvane og på vasskjeldone.
  
11. Og namnet på stjerna er Malurt, og tridjeparten av vatnet vart til malurt, og mange menneske døydde av vatnet, av di det hadde vorte beiskt.
  
12. Og den fjorde engelen bles, Då vart tridjeparten av soli slegen, og tridjeparten av månen og tridjeparten av stjernone, so tridjeparten av dei skulde verta formyrkt, og tridjeparten av dagen missa ljoset sitt, og natti like eins.
  
13. Sidan høyrde eg i syni mi ein ørn, som flaug under det høgste av himmelen og sa med høg røyst: Ve, ve, ve yver dei som bur på jordi, for dei andre basunrøystene av dei tri englane som endå skal blåsa!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES