Bible Study: FrontPage




 

Salomos Høisang, Chapter 6

Bible Study - Salomos Høisang 6 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Kvar helst er venen din gjengen, du fagraste av kvinnor, kvar helst hev din ven teke vegen, so me kann leita etter han med deg?
  
2. Min ven gjekk ned til hagen sin, til dei angande blomesenger, vilde gjæta i hagane og sanka liljor.
  
3. Min ven er min, og eg er hans, han som gjæter millom liljor.
  
4. Du er fager som Tirsa*, min hugnad, ljuvleg som Jerusalem, ageleg som herar med sine merke.
  
5. Snu augo dine frå meg, for dei gjer meg redd! Håret ditt er som ein geiteflokk som lægrar seg nedetter Gilead.
  
6. Dine tenner er som ein flokk med sauer, nett komne or lauget; tvillingar hev dei alle, og ingen av dei er utan lamb.
  
7. Som ei granateple-brot er din tinning bak sløret ditt.
  
8. Seksti dronningar hev eg og åtti fylgjekonor og av møyar ein endelaus lyd.
  
9. Men berre ei er mi duva, mi reine, einaste barnet til mor, gullbarnet hennar som åtte henne; møyar såg henne og sælka henne, dronningar og fylgjekonor hyllte henne.
  
10. Kven er ho som strålar fram som morgonroden, fager som månen, skir som soli, ageleg som ein herar med sine merke?
  
11. Eg gjekk ned i natehagen, vilde sjå kor det grønkast i dalen, vilde sjå um vintreet spratt, um granatepletrei bar blom.
  
12. Eg visste ikkje av fyrr hugen drog meg og sette meg upp på mitt gjæve folks vogner.
  
13. Å snu deg, snu deg, Sulammit! Snu deg, snu deg, so me fær sjå på deg! - Kva vil de sjå på Sulammit? - Ein dans som i Mahana'im!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES