Bible Study: FrontPage




 

Salomos Høisang, Chapter 8

Bible Study - Salomos Høisang 8 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Å, gjev du var som ein bror for meg, hadde soge brjostet åt mor mi! Um eg då fann deg der ute, so kysste eg deg, og ingen vanvyrde meg for det.
  
2. Eg leidde deg, førde deg til huset åt mor mi, og du skulde læra meg; eg skjenkte deg kryddevinen, safti av granattreet mitt.
  
3. Hans vinstre hand er under mitt hovud, med den høgre femner han meg.
  
4. Eg naudbed dykk, Jerusalems døtter! Kvi vil de vekkja, og kvi vil de eggja kjærleiken, fyrr han sjølv so vil?
  
5. Kven er ho som kjem upp frå øydemarki, studd til sin ven? Under apalen vekte eg deg; der var det mor di åtte deg, der fekk ho deg, ho som fødde deg.
  
6. Set meg til innsigle på ditt hjarta, til innsigle på din arm; for sterk som dauden er kjærleiken, strid som helheimen i si trå; han brenn som den logande eld, ein Herrens loge.
  
7. Kor store vatni er, dei kann ikkje sløkkja kjærleiken, og ingi elvar kann fløda yver han; um nokon vilde gjeva for kjærleiken alt det han hev i sitt hus, so vart han berre til narr.
  
8. Me hev ei liti syster, som endå ikkje hev barm. Kva skal me gjera med syster vår den tid ho fær belarar?
  
9. Er ho ein mur, byggjer me på han tindar av sylv; er ho ei dør, stengjer me henne med ein sederplanke.
  
10. Eg var ein mur, og min barm som tårni på den; då fekk han godhug for meg og gav meg fred.
  
11. Ein vingard hadde Salomo i Ba'al-Hamon, den vingarden gav han til vaktarar; kvar mann skulde gjeva tusund sekel sylv for frukti av han.
  
12. Yver min eigen vingard råder eg sjølv; dei tusund sekel er dine, Salomo, tvo hundrad er deira som vaktar frukti.
  
13. Du som bur inni hagane! Vener lyder på di røyst; lat meg høyra henne!
  
14. Fly, du min ven! Ver som eit rådyr, som den unge hjorten på fjell med angande urter!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES