Bible Study: FrontPage




 

Sakarias, Chapter 5

Bible Study - Sakarias 5 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Sidan lyfte eg atter augo mine og fekk sjå ein fjukande bokrull,
  
2. og han sa til meg: Kva ser du? Eg svara: Eg ser ein fjukande bokrull, som er tjuge alner lang og ti alner breid.
  
3. Då sa han til meg: Dette er forbanningi som gjeng ut yver heile landet; for i samhøve med det som stend skrive på den eine sida, skal kvar den som stel, verta reinska burt her ifrå, og i samhøve med det som stend på den andre sida, skal kvar den som sver, verta reinska burt her ifrå.
  
4. Eg hev sendt henne* ut, segjer Herren, allhers Gud, og ho skal ganga inn i huset til tjuven og inn i huset til den som gjer rang eid ved mitt namn, og ho skal setja seg fast der i huset og øyda det, både tre og stein.
  
5. Sidan kom han fram den engelen som tala med meg, og sa til meg: Lyft upp augo dine og sjå kva det er som kjem fram der!
  
6. Eg spurde: Kva er det? Han svara: Det er ein efa som kjem fram. Og han sa: Soleis skal det sjå ut med dei* i heile landet.
  
7. Då vart eit blylok lyft upp, og det tedde seg ei kvinna som sat i efaen.
  
8. Då sa han: Dette er gudløysa. Og so tok han og slengde henne ned i efaen og slo blyloket yver opningi.
  
9. Då eg sidan lyfte augo mine, fekk eg sjå tvo kvinnor som kom fram, og vinden fyllte vengene deira - for dei hadde venger som storkevenger - og dei tok og lyfte efaen upp, so han sveiv millom himmel og jord.
  
10. Då spurde eg engelen som tala med meg: Kvar skal dei av med efaen?
  
11. Han svara: Dei skal til Sinear-landet og byggja eit hus åt henne der, og når det er ferdigt, skal ho setjast ned der på sin stad.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES