Bible Study: FrontPage




 

Sakarias, Chapter 6

Bible Study - Sakarias 6 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Då eg atter lyfte augo mine, fekk eg sjå fire vogner som kom fram millom tvo fjell, og fjelli var av kopar.
  
2. For den fyrste vogni var det raude hestar, for den andre vogni svarte hestar,
  
3. for den tridje vogni kvite hestar, og for den fjorde vogni var det flekkute, sterke hestar.
  
4. Då tok eg til ords og sa til engelen som tala med meg: Kva skal dette tyda, Herre?
  
5. Engelen svara: Det er dei fire himmelvindane. Dei hev vore kalla inn for herren yver all jordi og fer no av stad att.
  
6. Vogni med dei svarte hestane for ut mot Norder-landet, dei kvite fylgde etter dei, og dei flekkute for ut mot Sud-landet.
  
7. Men då dei sterkaste* skulde fara ut, var dei fysne etter å få fara ikring på jordi**, og han sa: Gakk, far ikring på jordi! Og dei for ikring på jordi.
  
8. So ropa han høgt på meg og sa til meg: Sjå, dei som fer ut imot Norder-landet, dei svalar min harm på Norder-landet.
  
9. Og Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
  
10. Tak imot gåvone frå dei landlyste, frå Heldai, Tobia og Jedaja - gakk sjølv på denne dagen inn i huset åt Josias Sefaniasson - for dit er dei komne frå Babel -
  
11. og tak imot sylv og gull av dei og få gjort krunor og set dei på hovudet åt Josva Jehosadaksson, øvstepresten!
  
12. Og seg til han: So segjer Herren, allhers Gud: Sjå, det skal koma ein mann som heiter Renning*. Frå roti si skal han renna upp, og han skal byggja Herrens tempel.
  
13. Ja, han skal byggja Herrens tempel, og han skal vinna herlegdom* og sitja og styra på kongsstolen sin, og han skal vera prest der han sit på kongsstolen sin, og freds samråd skal det vera millom dei båe.
  
14. Men krunone skal vera i Herrens tempel til minne um Helem, Tobia og Jedaja og Hen Sefaniasson.
  
15. Og langt burtanfrå skal dei koma og byggja på Herrens tempel, og de skal få sanna at Herren, allhers Gud, hev sendt meg til dykk. Og dette skal henda dersom de høyrer på røysti åt Herren dykkar Gud.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES