Bible Study: FrontPage




 

1 Samuels, Chapter 11

Bible Study - 1 Samuels 11 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Nahas, ammoniten, gjorde ei herferd og kringsette Jabes i Gilead. Då sa alle Jabes-buane til han: Gjer fred med oss, so skal me tena det!
  
2. Men Nahas, ammoniten, svara: Ja, eg vil gjera fred med dykk, men berre på det vilkåret at eg sting ut høgre auga på kvar av dykk og soleis fær gjort vanæra på heile Israel.
  
3. Då sa styresmennene i Jabes til han: Gjev oss frest i sju dagar, so me kann senda bod kringum i heile Israels-riket! Er det då ingen som hjelper oss, so vil me gjeva oss yver til deg.
  
4. Då dei som for med bodet, kom til Gibea, heimstaden åt Saul, og bar fram ærendi si for folket, brast heile folket i gråt.
  
5. I same stundi kom Saul heim av åkeren med uksane sine fyre seg. Han spurde: Kva hev kome åt folket med di dei græt? So fortalde dei han kva bod Jabes-mennene hadde bore.
  
6. Då Saul høyrde det, kom Guds Ande yver han, og harmen loga upp i hugen hans.
  
7. Han tok tvo uksar og luta dei upp og sende lutene kring i heile Israels-riket med bodberarane, som skulde segja: So skal dei gjera med uksane åt den som ikkje fylgjer Saul og Samuel i striden, Då kom det ein otte frå Herren yver folket, og dei drog ut alle som ein.
  
8. Han mynstra dei i Besek; det var tri hundrad tusund Israels-søner og tretti tusund Juda-menner.
  
9. So sa dei til sendemennene som var komne: Seg til Jabes-buane: I morgon høgstdags leite skal det kome hjelp åt dykk! Då sendemennene kom heim att med det bodet, vart Jabesbuane glade,
  
10. og dei sa [til ammonitane]: I morgon vil me gjeva oss yver til dykk so fær de gjera med oss som de synest!
  
11. Dagen etter skipa Saul folket i tri hopar, og fyrstundes i otta braut dei seg inn i lægret og hogg ned ammonitane, og dei heldt ikkje upp fyrr det leid til høgstdags. Dei som var att, vart spreidde vida ikring - det vart ikkje att tvo mann på ein stad.
  
12. Då sa folket til Samuel: Kven var det som sa: Skal Saul vera konge yver oss? Hit med karane, so me kann få slå dei i hel.
  
13. Men Saul sa: På denne dagen skal ingen lata livet; for i dag hev Herren gjeve Israel siger.
  
14. Og Samuel sa til folket: Kom, lat oss fara til Gilgal og stadfesta kongedømet der!
  
15. So for alt folket til Gilgal, og der i Gilgal gjorde dei Saul til konge for Herrens åsyn og ofra takkoffer for Herrens åsyn. Og Saul og alle Israels-mennene gledde seg storleg.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES