|
|
Salmenes, Chapter 142
1. Ein salme til lærdom av David, då han var i helleren, ei bøn.
2. Med røysti mi ropar eg til Herren, med røysti mi bed eg inderleg til Herren.
3. Eg renner ut mi sorg for hans åsyn, for hans åsyn segjer eg frå um mi naud.
4. Når mi ånd ormektast i meg, so kjenner då du min stig; på den veg eg skal ganga, hev dei lagt løynde snaror for meg.
5. Skoda til mi høgre sida og sjå! Det er ingen som kjennest ved meg; all livd er burte for meg, ingen spør etter mi sjel.
6. Eg ropar til deg, Herre! Eg segjer: Du er mi livd, min lut i landet åt dei levande.
7. Akta på mitt klagerop, for eg er ovleg arm! Fria meg frå mine forfylgjarar, for dei er meg for sterke!
8. Før mi sjel ut or fengslet, so eg kann lova ditt namn! Dei rettferdige skal samla seg kring meg, når du gjer vel imot meg.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|