|
|
Salmenes, Chapter 143
1. Ein salme av David. Herre, høyr mi bøn, vend øyra til mine inderlege bøner, svara meg i din truskap, i di rettferd,
2. og gakk ikkje til doms med din tenar! For ingen som lever, er rettferdig for di åsyn.
3. For fienden hev forfylgt mi sjel, han hev krasa mitt liv til jordi, han hev sett meg på myrke stader som dei æveleg daude.
4. Og mi ånd er vanmektig i meg, mitt hjarta er forskræmt i min barm.
5. Eg kjem fordoms dagar i hug, eg tenkjer på alt ditt verk, eg grundar på det dine hender hev gjort.
6. Eg retter ut mine hender til deg, mi sjel lengtar etter deg som eit uppturka land. Sela.
7. Skunda deg og svara meg, Herre! Mi ånd talmast; løyn ikkje ditt andlet for meg, so eg vert lik dei som fer ned i gravi!
8. Lat meg høyra di miskunn um morgonen, for eg lit på deg! Lær meg den veg eg skal ganga, for til deg lyfter eg mi sjel!
9. Fria meg frå mine fiendar, Herre! Hjå deg søkjer eg livd.
10. Lær meg å gjera din vilje, for du er min Gud! Din gode Ande leide meg på jamt lende!
11. For ditt namn skuld, Herre, vil du halda meg i live; i di rettferd vil du føra mi sjel ut or trengsla,
12. og i di miskunn vil du rydja ut mine fiendar og tyna alle som trengjer mi sjel; for eg er din tenar.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|