Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 144

Bible Study - Salmenes 144 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Av David. Lova vere Herren, mitt berg, han som lærer upp mine hender til strid, mine fingrar til krig,
  
2. mi miskunn og mi festning, mi borg og min bergar, min skjold og den eg flyr til, han som tvingar mitt folk under meg.
  
3. Herre, kva er ein mann, at du kjenner han, eit mannsbarn, at du aktar på det?
  
4. Mannen likjest ein pust, hans dagar er som ein kvervande skugge.
  
5. Herre, bøyg din himmel og stig ned, rør du fjelli so dei ryk!
  
6. Lat ljonet lyna og spreid dei*, send dine piler og skræm dei!
  
7. Rett hendene ned frå det høge, fria meg og frels meg frå dei store vatni, frå handi åt framande,
  
8. dei som talar svik med munnen sin, og høgre handi deira er ei lygne-hand.
  
9. Gud, ein ny song vil eg syngja deg, til tistrengs-harpa vil eg syngja deg lov,
  
10. du som gjev kongane frelsa, som bergar David, tenaren din, frå det vonde sverdet.
  
11. Frels meg og fria meg frå handi åt framande, dei som talar svik med munnen sin, og høgre handi deira er ei lygne-hand,
  
12. so våre søner kann vera i sin ungdom som høgvaksne vokstrar, våre døtter som hyrnestolpar, hogne som til eit slott,
  
13. so våre bur kann vera fulle og gjeva av alle slag, so våre sauer kann auka seg i tusundtal, ja i titusundtal på våre marker,
  
14. so våre kyr kann hava kalv, so det ingen skade må vera og inkje tap og inkje klagerop på våre gator.
  
15. Sælt er det folk som hev det soleis; sælt er det folk som hev Herren til Gud.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES