Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 145

Bible Study - Salmenes 145 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Ein lovsong av David. Eg vil upphøgja deg, min Gud, du som er kongen, og eg vil lova namnet ditt æveleg og alltid.
  
2. Kvar dag vil eg lova deg, og eg vil prisa namnet ditt æveleg og alltid.
  
3. Herren er stor og mykje lovsungen, og hans storvelde er uransakeleg.
  
4. Ei ætt skal lova dine verk for ei onnor, og dine storverk skal dei forkynna.
  
5. Di høge og herlege æra og dine underverk vil eg grunda på.
  
6. Og um dine sterke og skræmelege gjerningar skal dei tala, og dine storverk vil eg fortelja um.
  
7. Minneord um din store godleik skal dei lata strøyma ut og syngja med fagnad um di rettferd.
  
8. Herren er nådig og miskunnsam, langmodig og stor i miskunn.
  
9. Herren er god imot alle, og han miskunnar alle sine verk.
  
10. Alle dine verk skal prisa deg, Herre, og dine trugne skal lova deg.
  
11. Um herlegdomen i ditt rike skal dei tala, og um ditt velde skal dei fortelja,
  
12. so mannsborni skal få vita um dine veldige verk og den strålande herlegdomen i ditt rike.
  
13. Ditt rike er eit rike for alle ævor, og ditt herredøme varer gjenom alle ætter.
  
14. Herren styd alle dei som fell, og reiser alle som er nedbøygde.
  
15. Alle vender augo sine ventande til deg, og du gjev dei deira føda i si tid.
  
16. Du let upp handi og mettar alt levande med hugnad*.
  
17. Herren er rettferdig i alle sine vegar og miskunnsam i alle sine verk.
  
18. Herren er nær hjå alle dei som kallar på han, hjå alle som kallar på han i sanning.
  
19. Han gjer etter deira ynske som ottast han, og han høyrer deira rop og frelser dei.
  
20. Herren varar alle dei som elskar han; men alle ugudlege tyner han.
  
21. Min munn skal mæla um Herrens pris, og alt kjøt skal lova hans heilage namn æveleg og alltid.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES