Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 146

Bible Study - Salmenes 146 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Halleluja! Mi sjel, lova Herren!
  
2. Eg vil lova Herren so lenge eg lever, syngja lov for min Gud so lenge eg er til.
  
3. Set ikkje lit til hovdingar, til eit mannsbarn, som ikkje kann hjelpa.
  
4. Fer hans ånd ut, so vender han attende til si jord; den dagen er det ute med hans råder.
  
5. Sæl er den som hev Jakobs Gud til hjelp, som vonar på Herren, sin Gud,
  
6. han som skapte himmel og jord, havet og alt som i dei er, han som er trufast til æveleg tid,
  
7. som hjelper dei nedtyngde so dei fær sin rett, som gjev dei svoltne brød. Herren løyser dei bundne,
  
8. Herren opnar augo på dei blinde, Herren reiser dei nedbøygde, Herren elskar dei rettferdige,
  
9. Herren varar dei framande; farlause og enkjor held han uppe, men han gjer vegen krokut for dei ugudlege.
  
10. Herren skal vera konge æveleg, din Gud, Sion, frå ætt til ætt. Halleluja!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES