Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 147

Bible Study - Salmenes 147 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Lova Herren! For det er godt å lovsyngja vår Gud, ljuvleg er det, lovsong høver vel.
  
2. Herren byggjer upp Jerusalem, han samlar dei burtdrivne israelitar.
  
3. Han lækjer dei som hev eit sundbrote hjarta, og bind um deira verkjande sår.
  
4. Han set tal på stjernone, han gjev dei alle namn.
  
5. Vår Herre er stor og veldig i makt; på hans vit er det ikkje mål.
  
6. Herren held dei spaklyndte uppe, dei ugudlege bøygjer han ned til jordi.
  
7. Svara Herren med takkesong, syng lov for vår Gud med citar,
  
8. han som breider skyer yver himmelen, han som lagar regn for jordi, han som let det veksa gras på fjelli.
  
9. Han gjev feet fór, ramn-ungane som ropar.
  
10. Han hev ikkje hug til hestens styrke, han hev ikkje hugnad i mannsens legger.
  
11. Herren hev hugnad i dei som ottast han, dei som ventar på hans miskunn.
  
12. Jerusalem, prisa Herren, Sion, lova din Gud!
  
13. For han hev gjort dine portstenger faste, han hev velsigna dine born i deg.
  
14. Det er han som gjev dine grensor fred, mettar deg med den beste kveite.
  
15. Det er han som sender sin tale til jordi; ovsnøgt spring hans ord.
  
16. Det er han som gjev snø som ull, strår ut rim som oska.
  
17. Han kastar sin is som småe stykke; kven kann standa for hans kulde?
  
18. Han sender sitt ord og smeltar dei; han let vinden sin blåsa, då renn vatn.
  
19. Han kunngjorde sitt ord for Jakob, sine bod og sine lover for Israel.
  
20. Soleis hev han ikkje gjort med noko heidningfolk, og lover* kjenner dei ikkje. Halleluja!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES