|
|
Salmenes, Chapter 47
1. Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme.
2. Klappa i hendene, alle folk! Kved høgt for Gud med fagnadrøyst!
3. For Herren, den Høgste, er ageleg, ein stor konge yver all jordi.
4. Han legg folk under oss og folkeslag under våre føter.
5. Han vel ut vår arvlut åt oss, herlegdomen åt Jakob som han elskar. Sela.
6. Gud for upp medan fagnadrop ljoma, Herren medan lurar let.
7. Syng lov for Gud, syng lov! Syng lov for vår konge, syng lov!
8. For Gud er konge yver all jordi; syng til hans lov ein song som gjer vis!
9. Gud er konge yver folki, Gud hev sett seg på sin heilage kongsstol.
10. Folkefyrstane samlar seg med folket åt Abrahams Gud; for skjoldane på jordi høyrer Gud til, han er høgt upphøgd.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|