Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 48

Bible Study - Salmenes 48 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Ein song, ein salme; av Korahs born.
  
2. Stor er Herren og høglova i vår Guds by, på hans heilage fjell.
  
3. Fagert ris det, ein fagnad for all jordi er Sions fjell, utkanten av nordheimen*, byen åt den store kongen.
  
4. Gud er i borgene der, han hev synt at han er ei fast vern.
  
5. For sjå, kongane kom saman og drog fram i lag.
  
6. Dei såg - då vart dei forfærde; dei vart vitskræmde, flydde i bråhast.
  
7. Ein skjelv greip dei der, angest som hjå ei barnsjuk kvinna.
  
8. Med austanvind braut du sund Tarsis-skip.
  
9. Liksom me hadde høyrt, so hev me no set det i Herren, allhers Gud by, i vår Guds by; Gud gjer han fast til æveleg tid. Sela.
  
10. Me grundar på di miskunn, Gud, midt i ditt tempel.
  
11. Som ditt namn, Gud, so er din pris alt til endane av jordi; di høgre hand er full av rettferd.
  
12. Sions-fjellet gled seg, Juda døtter fagnar seg yver dine domar.
  
13. Gakk ikring Sion, far rundt um henne, tel hennar tårn!
  
14. Legg merke til hennar vollar, gakk igjenom hennar borger, so de kann fortelja um det til den komande ætt.
  
15. For denne Gud er vår Gud æveleg og alltid; han skal føra oss ut yver dauden.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES