Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 57

Bible Study - Salmenes 57 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til songmeisteren: "Tyn ikkje"*; av David; ein miktam, då han flydde for Saul og var i helleren**.
  
2. Ver meg nådig, Gud, ver meg nådig! For til deg flyr mi sjel, og i skuggen av dine vengjer søkjer eg livd til dess ulukka gjeng yver.
  
3. Eg ropar til Gud, den Høgste, til den Gud som fullfører sitt verk for meg.
  
4. Han sender hjelp frå himmelen og bergar meg, når hans som vil sluka meg spottar. Sela. Gud sender si miskunn og sin truskap.
  
5. Mi sjel er millom løvor; eg lyt liggja millom dei som spruter eld, millom menneske som til tenner hev spjot og piler, og til tunga eit kvast sverd.
  
6. Gud syn deg høg yver himmelen, di æra yver heile jordi!
  
7. Dei set garn for mine steg, mi sjel er nedbøygd; dei grev ei grav for meg, so fell dei midt i henne sjølve. Sela.
  
8. Mitt hjarta er roleg, Gud, mitt hjarta er roleg; eg vil syngja og lovsyngja.
  
9. Vakna, mi æra*! Vakna, harpa og citar! Eg vil vekkja morgonroden.
  
10. Eg vil prisa deg millom folki, Herre, eg vil lovsyngja deg millom folkeslagi.
  
11. For di miskunn er stor alt til himmelen, og din truskap til dei høge skyer.
  
12. Gud, syn deg høg yver himmelen, di æra yver heile jordi!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES