Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 58

Bible Study - Salmenes 58 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til songmeisteren; "Tyn ikkje"*; av David; ein miktam.
  
2. Tru de verkeleg med dykkar tegjing talar det som er rettferd? Og dømer de rett, de mannsborn?
  
3. Nei, i hjarta lagar de til misgjerningar, i landet veg de ut vald som kjem frå dykkar hender.
  
4. Dei ugudlege gjeng på avveg alt frå morsfanget; ljugarane fer vilt alt frå morslivet.
  
5. Eiter hev dei som orme-eiter; dei er som ein dauv orm, som dytter øyra til,
  
6. so han ikkje høyrer på røysti åt ormetemjaren, på han som vel kann trolla.
  
7. Gud, slå inn tennene i munnen deira, Herre, støyt sund jakslane på ungløvone!
  
8. Lat dei kverva som burtrennande vatn! Legg nokon sine piler i bogen, so lat dei vera som utan odd!
  
9. Lat dei vera som ein snigel, som løyser seg upp medan han gjeng, og liksom ei kvinna sitt ufullborne foster, som ikkje hev set soli!
  
10. Fyrr dykkar grytor fær kjenna klungerriset, skal han blåsa det burt*, både det friske og det som brenn.
  
11. Den rettferdige skal gleda seg, av di han ser hemn; han skal två sine føter i blodet av den ugudlege.
  
12. Og folk skal segja: Det finst då frukt for den rettferdige; der er då ein Gud som dømer på jordi.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES