Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 81

Bible Study - Salmenes 81 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til songmeisteren, etter Gittit*; av Asaf.
  
2. Syng med fagnad for Gud, vår styrke! Ropa med gleda for Jakobs Gud!
  
3. Set i med song og lat pauka høyrast, den vene citar med harpa!
  
4. Blås i lur i månaden, ved fullmåne, på vår høgtidsdag!
  
5. For det er ei lov for Israel, ein rett for Jakobs Gud.
  
6. Han sette det til eit vitnemål i Josef då han drog ut gjenom Egyptar-landet. - Eit mål som eg ikkje kjende, høyrde eg:
  
7. Eg løyste hans oksel frå byrdi, hans hender vart frie frå berekorgi.
  
8. I trengsla ropa du, og eg fria deg ut; eg svara deg, løynd i toreskyi, eg prøvde deg ved Meriba-vatni. Sela.
  
9. Høyr, mitt folk, so vil eg vitna for deg! Israel, gjev du vilde høyra på meg:
  
10. Det skal ikkje finnast nokon annan gud hjå deg, og du skal ikkje tilbeda ein framand gud.
  
11. Eg er Herren din Gud, som førde deg upp frå Egyptar-land; lat munnen vidt upp, so eg kann fylla han!
  
12. Men folket mitt høyrde ikkje på mi røyst, og Israel vilde ikkje lyda meg.
  
13. So let eg dei fara med sitt harde hjarta, so dei skulde ferdast i sine eigne meinråder.
  
14. Gjev mitt folk vilde høyra på meg, gjev Israel vilde ganga på mine vegar!
  
15. Snart skulde eg då døyva deira fiendar og venda mi hand imot deira motstandarar.
  
16. Dei som hatar Herren, skulde smeikja for dei, og deira tid skulde vara æveleg.
  
17. Og han skulde føda dei med den beste kveite, og eg skulde metta deg med honning frå berget.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES