|
|
Salmenes, Chapter 82
1. Ein salme av Asaf. Gud stend i Guds lyd; midt imillom gudar* held han dom:
2. Kor lenge vil de døma rangt og halda med dei ugudlege? Sela.
3. Døm den ringe og farlause! Lat armingen og den fatige få sin rett!
4. Berga den ringe og fatige, frels han frå handi åt dei ugudlege!
5. Dei veit inkje og skynar inkje, dei ferdast i myrker; alle grunnvollane åt jordi ruggar.
6. Eg hev sagt: De er gudar, søner åt den Høgste er de alle.
7. Men sanneleg, som menneske skal de døy, og som ein av hovdingane skal de falla.
8. Statt upp, Gud, haldt dom yver jordi! For du eig alle heidningane.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|